Arrangement

Føredrag: «Mi mor forfattaren Vera Henriksen» og Konsert med Kammerkoret Vox

Arrangeres av:

Vi inviterer til Utgard til kombinert konsert / føredrag:

  • Kammerkoret Vox vil framføre eit program med norske og utanlandske folkeviser og korverk frå mellomalder og vår tid. Dirigenten for koret er Hans Melchior Borchgrevink. Koret består i hovudsak av eldre songarar som tidlegare har sunge i leiande norske kor: Grex Vocalis, Cæciliaforeningen, Vox Arctica m.fl.
  • Petter Henriksen, som er medlem av koret, er son av Vera og Olav Henriksen, som budde og virka i Lom frå 1978 til dei gjekk bort på 2010-talet. På oppdrag frå Nordnorsk Litteraturfest i Harstad i 2024 heldt han føredraget Vera Henriksen og hennes forfatterskap – ei eingongshending, var meininga. No som koret han syng i, skal opptre i heimbygda til foreldra hans, vil han halde føredraget éin gong til, i ein tilpassa versjon.

Arrangementet vil vare ca. fem kvarter.

Det er gratis entré. Dei av publikum som ønskjer det, må gjerne donere kr 100 til Blomefondet, vipps 533520.

Vel møtt!

Kategori
Experience

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

September 12, 2026

15:00 — 16:15

Praktisk informasjon

Sted:Kafeen i Utgard
Adresse:Bergomsvegen 41, 2686 Fossbergom, Norge
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart